Hegge gjer det igjen

Revitalisert 60-talsjazz spekka med solistiske godbitar.

Publisert

Debuten til kvintetten Hegge, Vi är ledsna men du får inte längre vara barn (2017), vekte oppsikt. Utgjevinga vann Spellemannprisen det året. Oppfølgjaren er ute no, og oppskrifta er som sist: seks komposisjonar av bassist og bandleiar Bjørn Marius Hegge som hentar inspirasjon frå både souljazzen og Ornette Coleman på 60-talet, Keith Jarretts kvartettar på 70-talet og Louis Moholo og andre sørafrikanarar frå det legendariske bandet The Blue Notes. I tillegg har dei med ein ballade av både Storaas og Kullhammar. Det er godt med kvilepuls innimellom.

Humoren er aldri langt unna hjå Hegge, enten det er snakk om ein liten vri på tema, arrangementsdetaljar, plateomslag eller låttitlar, men det er med stort alvor dei går laus på materialet, og her er vidt rom for improvisasjon. Dei leverer så det gneistrar ved kvart høve. Dei to saksofonistane er oftast i elden, naturlegvis. Båe saksofonistane briljerer på «New Bromance» og «Bouncing With Myself», og Storaas har fleire gylne augneblinkar, men er på sitt aller mest overtydande i tittelkuttet og ikkje minst «Changes No Time». Hegge har eit fint kor på «9-16» og «Changes No Time», men elles utgjer han eit perfekt komp saman med Mjåset Johansen. Ingen svingar så elegant og uanstrengt som Mjåset Johansen, og det gjer han også her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement