Hedvig Mollestad Trio leverer

Ding Dong. Your’re Dead byr på katedral og fest på lokalet.

Hedvig Mollestad flankert av Ivar Loe Bjørnestad på trommer og Ellen Brekken på bass og sag.
Hedvig Mollestad flankert av Ivar Loe Bjørnestad på trommer og Ellen Brekken på bass og sag.
Publisert

Hedvig Mollestad er ute med den sjuande trioplata sidan debuten Shoot i 2011. Utgjevinga kjem etter det kritikarroste tingingsverket Ekhidna frå Vossa Jazz i 2019 og som kom på plate året etter. Mollestad har fem av sju låtar på samvitet. Bekken har signert to. Fans av trioen får det dei forventar. Her er feite riff, råe groovar – ei musikalsk urkraft som trioen heilt frå starten har kombinert med eit raffinement som ikkje er daglegdags i sjangeren.

Plata opnar med Bekkens «Leo Flash’ Return to The Underworld». Den riffbaserte låten slår an tonen, og Bekken opnar ballet med eit effektprega basskor. Dette inspirerer Mollestad til eit av dei sterkaste solistiske bidraga på plata. «All flights Cancelled» opnar med eit enkel og kraftfullt riff som blir transponsert før låten etter halvtanna minutt går over i eit Rypdal-inspirert tema med ditto inspirasjonskjelde i gitarsounden og frasane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement