Håst og rutt

Hjå Les Cris de Paris blir dei rustne naglane drivne gjennom Jesu hender.

Michelangelos «Pietà» (ferdig 1499) i Peterskyrkja i Roma.
Michelangelos «Pietà» (ferdig 1499) i Peterskyrkja i Roma.
Publisert

Så enkelt kan det gjerast og samstundes så verknadsfullt: Heile Tarquinio Merulas (1595–1665) ti minuttar lange bånsull «Hor ch’è tempo di dormire» baserer seg på eit stutt bassmotiv. Dette voggar mellom to tonar som sopranen syng ein linn og trøystande melodi over. Me skjøner snart at teksten er tvitydig. Medan ho ammar Jesusbarnet i stallen, kved Maria: «Nå, når det er tid for å sova, gå til ro, min son, og gråt ikkje, for snart vil tida koma når me lyt gråta.» Lidingssoga sviv altså i bakgrunnen. For etter kvart overtek motivet ein i biletkunsten kallar pietà («fromskap», «medynk»), der mora òg lèt sonen kvila i armane sine – livlaus, etter at han er teken ned frå krossen. Voggevisa blir til sørgjesong.

Lidenskap og liding

Tvitydig er òg temaet for Les Cris de Paris’ album Passions. Venezia 1600–1750. Det vekslar mellom lidenskap og liding, mellom verdslege og religiøse kjensler. Når desse er stilte opp side om side, slik dirigenten Geoffroy Jourdain gjer her, merkar me kor like dei musikalske uttrykka er. For, som i biletkunsten, nytta komponistane langt på veg same teknikkar for å få fram affektane uansett om musikken var meint for kyrkja eller kammeret.

Som platetittelen røper, er me i barokken, i lagunerepublikken, som lenge stod i spissen for den musikalske utviklinga i Europa. Særleg i miljøet kring Markuskyrkja utvikla det seg nye typar uttrykkssterk og teknisk komplisert kyrkjemusikk.

Bankande bass

Spesielt set eg pris på dei mange «crucifixus»-tonesetjingane på plata, som er av heilt anna omfang og skapnad enn Merulas minimalistiske bånsull. Gjennomgåande kjenneteikn ved denne krossfestingsmusikken er at Jesu liding blir framstilt emosjonelt, samstundes som me konkret kan høyra hammarslaga som driv naglane gjennom hendene hans. Tydeleg er dette i Antonio Lottis (1666–1740) Crucifixus a 10, der dissonansar mellom songstemmene gjev dristige harmoniske gnissingar, medan instrumenta hamrar akkordane med stø og tung puls. I Les Cris de Paris’ tolking læt den instrumentale bassgruppa håst og rutt – det er som om dei er rustne, naglane Jesus blir pint med på Skallestaden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement