Musikk
Hasse på skakke
Elena De Simone har grave fram ukjende perler frå operalitteraturen, som ho syng falskt.
Johann Adolf Hasse var ein av dei mest suksessrike tyske komponistane innan italiensk opera i fyrste helvta av 1700-talet. Ein annan og meir kjend tyskar som hadde ein liknande karriere, var den fjorten år eldre Georg Friedrich Händel; begge slo gjennom som operakomponistar i dei italienske storbyane Venezia, Roma og Napoli, i nasjonen som den gongen blei sett på som «musikkens heimland».
På dette albumet syng den italienske psykologen, pianisten og operasongaren Elena De Simone ti Hasse-ariar som aldri har blitt spelte inn på plate før. Dei er henta frå tragiske italienske operaar, slike me kallar opere serie.
Uforfalska italiensk
Korleis skal me skildra komposisjonsstilen til Hasse? Ei samanlikning med Händel kan løna seg. Medan Händel lét som Händel uansett om han set tonar til italiensk, tysk eller engelsk tekst, er det noko meir uforfalska italiensk over Hasse. Han rår så suverent over denne nasjonalstilen at det er vanskeleg å oppdaga opphavet hans. Skal eg prøva å finna spor av det tyske i ariane som her er spelte inn, må det vera at dei stundom har uventa harmoniske og melodiske vriar av det slaget dei italienske kollegaane hans neppe ville ha funne på. Eg tenkjer til dømes på opningsritornellet (den instrumentale innleiinga) til den vemodige arien «Se tutti i malo miei» frå operaen Demofoonte (1732), der det er eggjande ambivalente vekslingar mellom dur og moll. Tilløp til raffinert fleirstemmigheit av den typen tyskarane er så kjende for, er der òg.
Bananskal
Hasses musikk er interessant: Oppfatninga av at han, i motsetnad til Händel, var ein preglaus serieprodusent av moteriktige operaar, slik eldre musikkhistorieskriving gjerne vil ha oss til å tru, kjenner eg meg ikkje att i. Korleis er det så med tolkinga på dette albumet? Ensemble Il Mosaico spelar godt. Den intime besetningsforma, med berre to fiolinar og høvesvis éin bratsj, cello, kontrabass og cembalo, gjer alle detaljane høyrlege.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.