Harmoniske gnissingar

Komponisten Kay Johannsen (til høgre med raudt slips) dirigerer Solistenensemble Stimmkunst.
Komponisten Kay Johannsen (til høgre med raudt slips) dirigerer Solistenensemble Stimmkunst.

CD

Kay Johannsen:

Rejoice

Solistenensemble Stimmkunst; dirigent Kay Johannsen. CARUS 2019

Samtidsmusikk av den harde sorten er ikkje korkomposisjonane til tyskaren Kay Johannsen (fødd 1961), som her dirigerer sitt eige, dyktige Solistenensemble Stimmkunst frå Stuttgart. Alt i fyrste sporet på plata, «Laudate Dominum» (2003), merkar ein likskap med engelske Benjamin Brittens korstil. Denne femstemmige tonesetjinga av Bibelens 150. salme har klår klang og tonalitet prega av «kyrkjetonartar», altså eldre skalatypar enn vår tids dur og moll.

Kvaliteten på komposisjonane varierer; somme av dei er i overkant sukkersøte for meg. Best er kan hende «Veni» (2015), der den latinske versjonen av teksten me kjenner som «Folkefrelsar til oss kom», ligg til grunn. Her flyt den tette polyfonien for tre kor og orgel varsamt og vakkert og skapar fine harmoniske gnissingar.