Harmoniske folkrocksystrer
Kate og Anna McGarrigle brukte utradisjonelle kombinasjonar i musikken sin.
Systrene Anna og Kate McGarrigle fekk strålande kritikkar for debutplata som kom i 1975.
Foto: mcgarrigles.com
Tilrådd lytting:
Kate & Anna McGarrigle (Warner, 1975)
Dancer With Bruised Knees (Warner, 1977)
Pronto Monto (Warner, 1978)
La vache qui pleure (La Tribu, 2003)
The McGarrigle Christmas Hour (Nonesuch, 2005)

Innspelingane til dei to kanadiske systrene Kate og Anna McGarrigle følgde meg gjennom store delar av oppveksten med si unike klangverd, elegante vokalharmoniar og fengjande folkrocklåtar.
Foreldra mine sette støtt og stadig på ei vinylplate med duoen, og eg minnest særskilt godt at eg i ein alder då musikksmaken gjekk meir i retning rufsete og hardare rockemusikk, faktisk vart litt irritert på det velarrangerte ljodbiletet og dei karakteristiske, engleaktige røystene med uvanleg mykje vibrato.
Eg måtte iallfall godt opp i tjueåra før eg igjen oppdaga og for alvor byrja å setje pris på denne musikken, ein slags eigenarta symbiose av fransk-kanadisk tradisjonsmusikk, bluegrass, pop, gamal R&B, countryblues og folkrock.
Systrene McGarrigle vart fødde i Montreal av foreldre med fransk-kanadisk og irsk bakgrunn. Dei voks opp i utkanten av byen og byrja tidleg og spela gitarar og etter kvart ulike instrument som piano, trekkspel, fløyte, fele og banjo. Dei vart ein sentral del av folkmiljøet i Québec, og etter kvart også ettertrakta låtskrivarar og medspelarar for artistar som Maria Muldauer og Linda Ronstadt.
Europeisk gjennombrot
I 1975 kom den sjølvtitulerte debutplata til strålande kritikkar, særleg i Europa, der dei slo igjennom hjå eit stort publikum.
«Complaint Pour Ste-Cathrine» av Anna McGarrigle er kanskje den mest kjende låta her heime, med reggaeundertonar i kombinasjon med cajunliknande trekkspel, med fransk tekst, nokre særs oppløftande korearrangement og strålande song frå systrene Kate og Anna. Songen har òg glitrande blåsearrangement av trombonisten George Bohanon, og kult og kontant trommespel i ein slags reggaetakt frå Steve Gadd, for å nemne nokre få av dei uhyre fengjande elementa.
Plata er elles full av gode låtar, dei fleste signerte McGarrigles, noko tradisjonsstoff, og ikkje minst klassikaren «Swimming Song» av Loudon Wainwright III (som den gong var gift med Kate McGarrigle).
Her er òg bra musikarar med, mellom andre Lowell George frå Little Feat på slidegitar og stilskaparen David Grisman på mandolin. Albumet er produsert av Joe Boyd, som òg hadde gjort mykje for både Nick Drake, Pink Floyd og Fairport Convention tidlegare.
Interessant og levande
Dei seinare utgjevingane til Kate og Anne McGarrigle er ikkje heilt på nivå med debuten, men både Dancer With Bruised Knees frå 1977 og Pronto Monto frå 1978 har mange bra både låtar og musikarar (den siste lir under ein litt vel polert produksjon).
Låta «Walking Song» frå fyrstnemnde står i sterk kontrast til mykje av dagens likelydande vokalproduksjon, med ein bruk av dynamikk og volumstyrke som gjer at ein vert tvinga til å engasjera seg som lyttar. Slike detaljar gjer musikken og produksjonane særs interessante og levande.
Den franskspråklege plata La vache qui pleure frå 2003 viser duoen heilt på høgda i den seinare perioden av karrieren. Sjekk ut låta «Petite Annonce» for døme på udøyeleg folkrock på fransk.
Og er du ute etter ei litt utradisjonell joleplate neste desember, kan eg varmt tilrå The McGarrigle Christmas Hour med framifrå gjestesong av mellom andre Rufus Wainwright og Emmylou Harris.
Systrene heldt fram med å spela saman til 2010, då Kate McGarrigle gjekk bort, 63 år gamal.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.