Hammarblues
Sam Amidon løftar fram Harry Smiths antologi på ny EP.
Sam Amidon får fram mangfaldet i materialet til Harry Smith-antologien.
Foto: Nonesuch Records
«Ta hammaren med til arbeidsformannen», heiter det i dei første linene av «Spike Driver Blues» – «Tell him I’m gone.»
Det dreier seg nemleg om hammaren «som drap John Henry» – afroamerikanaren som ifølgje dei gamle forteljingane var mellom dei som hakka seg inn i Allegheny-fjella for å få fram jarnbanen, og konkurrerte godt med boremaskinene som kom for å erstatte han, for så å døy på post, med hammaren i hand.
Tallause songar har henta fram John Henrys forteljing, og det er ikkje fritt for at refrenget gjallar gjennom tiåra når Sam Amidon framfører «Spike Driver Blues», opningssporet på den fine, nye EP-en, som kjem ut vel 90 år etter at Mississippi John Hurt fekk spelt inn songen sin, i 1928.
I antologi
Eit kvart hundreår seinare fekk «Spike Driver Blues» ein plass på Harry Smiths klassiske The Anthology of American Folk Music (1952), ei utgiving som har hatt ein formativ verknad på fleire generasjonar americanaartistar, også etter at materialet kom ut i form av ein CD-boks i 1997, rikt utstyrt med bakgrunnsinformasjon og essaystikk – eit høgst tilrådd kompendium ein kan gå seg vill i gjennom eit heilt liv.
Harry Smith kuraterte på sitt idiosynkratiske vis ei samling tidlegare utgitte songar frå 1920- og 1930-åra og organiserte materialet i tre doble plater seksjonerte som «Ballads», «Social Music» og «Songs». Samstundes teikna det seg eit kart med liner mellom songane på tvers, og ein slags tropologi som har gitt næring til mykje kreativt arbeid opp gjennom åra. Vi kunne utvilsamt fylt fleire aviser med stoff om antologien, som til dømes har spela ei nøkkelrolle i Bob Dylans danningsreise – kritikar Greil Marcus har trekt linene til The Basement Tapes (1975) i den strålande boka Invisible Republic (1997).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.