JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Hammarblues

Sam Amidon løftar fram Harry Smiths antologi på ny EP.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sam Amidon får fram mangfaldet i materialet til Harry Smith-antologien.

Foto: Nonesuch Records

3090
20191129
3090
20191129

Rock

Sam Amidon:

Fatal Flower Garden EP

Nonesuch

«Ta hammaren med til arbeidsformannen», heiter det i dei første linene av «Spike Driver Blues» – «Tell him I’m gone

Det dreier seg nemleg om hammaren «som drap John Henry» – afroamerikanaren som ifølgje dei gamle forteljingane var mellom dei som hakka seg inn i Allegheny-fjella for å få fram jarnbanen, og konkurrerte godt med boremaskinene som kom for å erstatte han, for så å døy på post, med hammaren i hand.

Tallause songar har henta fram John Henrys forteljing, og det er ikkje fritt for at refrenget gjallar gjennom tiåra når Sam Amidon framfører «Spike Driver Blues», opningssporet på den fine, nye EP-en, som kjem ut vel 90 år etter at Mississippi John Hurt fekk spelt inn songen sin, i 1928.

I antologi

Eit kvart hundreår seinare fekk «Spike Driver Blues» ein plass på Harry Smiths klassiske The Anthology of American Folk Music (1952), ei utgiving som har hatt ein formativ verknad på fleire generasjonar americanaartistar, også etter at materialet kom ut i form av ein CD-boks i 1997, rikt utstyrt med bakgrunnsinformasjon og essaystikk – eit høgst tilrådd kompendium ein kan gå seg vill i gjennom eit heilt liv.

Harry Smith kuraterte på sitt idiosynkratiske vis ei samling tidlegare utgitte songar frå 1920- og 1930-åra og organiserte materialet i tre doble plater seksjonerte som «Ballads», «Social Music» og «Songs». Samstundes teikna det seg eit kart med liner mellom songane på tvers, og ein slags tropologi som har gitt næring til mykje kreativt arbeid opp gjennom åra. Vi kunne utvilsamt fylt fleire aviser med stoff om antologien, som til dømes har spela ei nøkkelrolle i Bob Dylans danningsreise – kritikar Greil Marcus har trekt linene til The Basement Tapes (1975) i den strålande boka Invisible Republic (1997).

Herleg resultat

Det var i vår at klubben L’Ancienne Belgique i Brussel annonserte at dei skulle setje i gang ein omfattande konsertserie der artistar hentar fram og tolkar materiale frå Smiths antologi. Amidon var artist nummer to og stod på scenen to kveldar i mai, før han tok med seg eit knippe songar i studio i London. Med seg fekk han multiinstrumentalisten Shahzad Ismaily, som han har spelt mykje med, og Leo Abrahams, som stod for produksjon og miks.

Resultatet er ein herleg liten EP, som forhåpentlegvis også leier fleire nye lyttarar til Smiths samling. Med berre fire songar får Amidon fram mangfaldet i materialet. Tittelsporet «Fatal Flower Garden» er ei oppsiktsvekkjande nytolking av originalen framført av Nelstone’s Hawaiians, der Amidon viser eit skarpt auge for, og tek vare på, ikkje berre det skumle, men også såre i den folkeeventyrlege songen. Mellom dei viktigaste instrumenta på The Anthology of American Folk Music er utan tvil banjoen, og Amidon har teke med både «Dry Bones» (Bascom Lamar Lunsford) og «Train on the Island» (J.P. Nestor) – med sistnemnde tek det litt av heilt på oppløpet, med felespel og generelt god stemning.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis