Hamasyan i fusiondrakt
Publikumsyndling tek eit steg vekk frå folkemusikken.
Armenske Tigran Hamasyan (33) var ikkje gamle karen då han dukka opp på den europeiske festivalscenen tidleg etter tusenårsskiftet. Han blei raskt ein publikumsyndling. Det var godt forståeleg. Med virtuos teknikk og ein musikk klart rotfesta i den armenske folkemusikktradisjonen sjarmerte han eit stort jazzpublikum.
Hamasyan har synt at han dreg vekslar på andre inspirasjonskjelder også. Progrock har han sansen for, og på denne plata har han fått med seg gitaristen Tosin Abasin. På låten «Vortex» der Abasin er gjest, er det likevel fusionpåverknaden som er tydelegast. På store deler av plata er arven frå bandet Return to Forever (Al Di Meola-perioden) meir enn tydeleg. Her er fart og presisjon blitt opphøgja til estetisk ideal. På fleire kutt kombinerer han det impresjonistiske med det rigide og rocka. Kontrastane tilfører kvarandre lite eller inkje, men i «Space of Your Existence» utviklar Hamasyan ein etterlengta heilskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.