Halle i sentrum
Gunnar Halle stel rampeljoset i mangfaldig utgjeving.
Jazz / rock
Gunnar Halle:
Halles planet
Gunnar Halle, trompet og tangentinstrument; Stephan Sieben, gitar; Putte Johander, bass; Knut Finsrud og Wetle Holte, trommer. OZELLA MUSIC OZ094CD
Gunnar Halle er ein av mange interessante trompetistar som har dukka opp her til lands i kjølvatnet til Nils Petter Molvær og Arve Henriksen. Felles for desse trompetistane er at dei legg stor vekt på å utforska tonekvalitetane i hornet.
Halle hadde tilhald i København i ein tiårsperiode i forlenginga av utdanninga, og diskografien omfattar innspelingar med ei rekkje sentrale danske band. No er han for lengst attende i Oslo, men samarbeider på jamleg basis med nordiske musikarar. Det er ikkje lengst i mellom utgjevingane til Halle, men denne må sjåast på som ei oppfølging til Istanbul Sky (2015).
Dei ni låtane er alle komponerte av Halle sjølv og er ei fin blanding av bastante rockelåtar og melodiøse balladar. Bruken av to trommesett, der Finsrud er å høyra i høgre kanal og Holte i venstre, er med på å gje musikken den solide forankringa. Trass i dette er musikken overraskande gjennomsiktig og tilgjengeleg. Ein del av musikken og trompetspelet til Halle kan faktisk minna om det Miles Davis gjorde på tampen av karrieren. Låten som kanskje summerer opp alt dette er «Rommet er ikke rundt».
Bandet til Halle er godt samspelt, og det er det tette samspelet som er hovudbidraget til medmusikantane. Den strenge disiplinen pregar plata på godt, men ein grip seg i å sakna at det blir sleppt opp og pøst på. At Halle så til dei grader er i sentrum i alle aspekt ved musikken, gjer at han får vist mange sider ved kunstnarskapn sin. Det er heilt OK.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?