Hagler og pistolar
Korleis lét eit sørtysk bondebryllaup på midten av 1700-talet?
«Bondebryllaupet». Oljemåleri frå kring 1568 av Pieter Brueghel den eldre (1525–1569).
Det kan synast som eit paradoks: Samstundes med at det klassiske orkesteret i løpet av 1700-talet blei standardisert til den besetninga me i dag kallar symfoniorkester (instrumentariet blei uniformert), voks interessa for kuriøse instrument, særleg dei frå folkekulturen. Det var denne historiske trenden det ungarske tidlegmusikkensemblet Capella Savaria under leiing av Pál Németh ville dokumentera i 1986, då dei spela inn albumet Musica Curiosa. Her spelar dei musikk av tyskaren Leopold Mozart (1719–1787), far til Wolfgang, og tsjekkaren Georg Druschetzky (1745–1819). Verka har alle eit klassisk ensemble til grunn, utvida med bondeinstrument av ymse slag.
Kustus på bikkjene
Den eksentriske militærmusikaren og paukevirtuosen Druschetzky, som gjorde karriere i Budapest, skreiv sin Parthia auf Bauerninstrumenten (Suite for bondeinstrument) for ei rekkje sjeldne instrument, som dei ungarske musikarane her kunnig demonstrerer: klokkespel, hakkebrett, sekkepipe, lirekasse, alpehorn og cister – eller «cithar», som Johann Nordahl Brun kallar dette luttliknande klimpreinstrumentet han i 1790 «tog i Hænde» for å fordriva sorga «paa Ulrikkens Top».
Verknaden av denne uortodokse instrumenteringa må vel den gong ha vore som om ein av våre klassiske samtidskomponistar i dag hadde komponert ein suite for strykeorkester, elgitar, trekkspel – og hagle.
Ja, for Leopold Mozart komponerte faktisk ein «jaktsymfoni» for to horn, strykarar, hagler og gøyande hundar (sistnemnde har berre ei kort solistrolle, dei skal berre gneldra i seks taktar – dei må ha hatt god kustus på bikkjene den gongen). Men divertimentoet som Capella Savaria spelar på dette albumet, «Bondebryllaup» frå kring 1755, krev ikkje hagler. Det krev pistolar, som ungararane trekte under innspelinga i 1986.
Balkanbryllaup
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.