JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Hagler og pistolar

Korleis lét eit sørtysk bondebryllaup på midten av 1700-talet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Bondebryllaupet». Oljemåleri frå kring 1568 av Pieter Brueghel den eldre (1525–1569).

2916
20190712
2916
20190712

Standard­innspelinga

Leopold Mozart, Georg Drus­chetzky:

Musica Curiosa

Capella Savaria; dir.: Pál
Németh. Hungaroton 1987

Det kan synast som eit paradoks: Samstundes med at det klassiske orkesteret i løpet av 1700-talet blei standardisert til den besetninga me i dag kallar symfoniorkester (instrumentariet blei uniformert), voks interessa for kuriøse instrument, særleg dei frå folkekulturen. Det var denne historiske trenden det ungarske tidlegmusikkensemblet Capella Savaria under leiing av Pál Németh ville dokumentera i 1986, då dei spela inn albumet Musica Curiosa. Her spelar dei musikk av tyskaren Leopold Mozart (1719–1787), far til Wolfgang, og tsjekkaren Georg Druschetzky (1745–1819). Verka har alle eit klassisk ensemble til grunn, utvida med bondeinstrument av ymse slag.

Kustus på bikkjene

Den eksentriske militærmusikaren og paukevirtuosen Druschetzky, som gjorde karriere i Budapest, skreiv sin Parthia auf Bauerninstrumenten (Suite for bondeinstrument) for ei rekkje sjeldne instrument, som dei ungarske musikarane her kunnig demonstrerer: klokkespel, hakkebrett, sekkepipe, lirekasse, alpehorn og cister – eller «cithar», som Johann Nordahl Brun kallar dette luttliknande klimpreinstrumentet han i 1790 «tog i Hænde» for å fordriva sorga «paa Ulrikkens Top».

Verknaden av denne uortodokse instrumenteringa må vel den gong ha vore som om ein av våre klassiske samtidskomponistar i dag hadde komponert ein suite for strykeorkester, elgitar, trekkspel – og hagle.

Ja, for Leopold Mozart komponerte faktisk ein «jaktsymfoni» for to horn, strykarar, hagler og gøyande hundar (sistnemnde har berre ei kort solistrolle, dei skal berre gneldra i seks taktar – dei må ha hatt god kustus på bikkjene den gongen). Men divertimentoet som Capella Savaria spelar på dette albumet, «Bondebryllaup» frå kring 1755, krev ikkje hagler. Det krev pistolar, som ungararane trekte under innspelinga i 1986.

Balkanbryllaup

«Bondebryllaupet» er såkalla programmusikk, altså instrumentalmusikk der ein forteljande tekst ligg til grunn, men utan at denne blir resitert eller sungen. Programteksten Leopold Mozart nytta, er gått tapt, men den skriftlege instruksjonen hans til musikarane er heldigvis overlevert. Fyrstesatsen «Macia villanesca» byrjar som ein staseleg wienerklassisk marsj, før sekkepipa og dreielira dreg stilnivået nokre hakk ned. Om denne skriv komponisten nøyaktig i kva for taktar musikarane skal gaula, plystra og skyta i lufta med pistol, «slik ein plar gjera ved bryllaup».

Dette med skyting i bryllaup er elles noko eg assosierer med bryllaupsfestar på Balkan. Men det var vel vanleg her heime i gamle dagar òg – eg tenkjer på Tidemand og Gudes «Brudeferd i Hardanger» (1848), der brureparet òg har skyttar med til fjords.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis