Haden møter Mehldau
Opptaket dokumenterer eit av fleire vellukka duosamarbeid.
Fleirtalet av platene Charlie Haden har gjeve ut i eige namn, er enten duo- eller trioinnspelingar, og duoformatet utgjer brorparten av desse to. Slik sett er ikkje dette eit overraskande tilskot til Haden-diskografien. Utgjevinga understrekar likevel kor naturleg dette formatet var for denne basspioneren.
Samarbeidet mellom Haden og Mehldau går attende til 1993. I 1997 kom plata Alone Together med altsaksofonisten Lee Konitz som tredje mann på laget. I 2011 hadde trioen blitt kvartett, med Paul Motian på trommer. Live at Birdland utgjeven på ECM blei lagt merke til.
Elleve år etter
Long Ago And Far Away kom ut i november i fjor, om lag elleve år etter at opptaket var gjort, og gode fire år etter at Haden gjekk bort.
Opptaka er henta frå ein konsert i Christuskirche i Mannheim under Enjoy Jazz-festivalen, og repertoaret er utan unnatak frå standardrepertoaret med bopklassikaren «Au Privave» som det mest atypiske nummeret.
Det må likevel seiast at duoen aldri er i nærleiken av ei konvensjonell boptolking. Tankane går meir i retning av Lennie Tristano og Paul Bley. Resten av repertoaret ligg innanfor balladetempo med «Everything Happens to Me» som eit tolv minuttar langt avsluttande høgdepunkt der Mehldau serverer ein majestetisk koda og siterer «Ida Lupino» undervegs.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.