Musikk
Guro Heddeli i ny klangbunad
Tradisjonell song smeltar saman med nye musikkimpulsar.
Denne plata sameinar to dominerande hovudtendensar i nyare norsk folkemusikk: den attendeskodande og den utprøvande. Det tekstlege utgangspunktet er dobbelt attendeskodande: Jørund Telnes’ diktsyklus om Guro Heddeli frå 1880, som er basert på forteljartradisjon i Telemark som omhandlar tida før svartedauden. Og syngemåten til Ingebjørg Longvik Reinholdt er basert på tradisjonell kveding.
Resten av det som kling frå plata, er derimot prega av heilt andre impulsar enn Telemarks stolte fortid. Kontrabassist Morten Kvam har bakgrunn frå jazz og blues, gitarist Juhani Silvolas dugleik i rock og pop skin tydeleg gjennom (sjølv om han her held seg til akustisk gitar), og Sarah-Jane Summers’ keltiskprega feletonar har eit heilt anna uttrykk enn hardingfelespelet i Telemark.
Så langt kan det sjå ut som om eg er i ferd med å skissera eit formidabelt stilbrot, men det gledelege er at det er det motsette som skjer: Den tradisjonelle syngemåten smeltar fint saman med dei tilførte impulsane. Og dette kjem av at alle utøvarar meistrar den vanskelege balansegangen det er å blanda ulike stilartar utan at det verkar stivt eller poserande. Det er ingenting her som kjennest framandt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.