Groove og melodi hand i hand
Samspelet Kolve/Øien er den store bonusen på Polyostinat.
Ivar Kolve i aksjon på Vossa Jazz i 2014.
Foto: Knut Andersen / Wikipedia
Musikken skreiv Kolve til Vossa Jazz 2014. I april 2016 var bandet ute på turné, og eit utval frå opptaka av konsertane på Kabuso i Øystese og Bømlo kulturhus har blitt til denne CD-en. På urframføringa spelte Ellen Andrea Wang bass og Jarle Vespestad trommer.
Besetninga med vibrafon/marimba og piano er ikkje så vanleg, men ein har nokre ikoniske døme i jazzsoga, mellom andre Modern Jazz Quartet, Steps Ahead og Gary Burton/Keith Jarrett. Kolve har arrangert musikken slik at desse instrumenta ikkje går i vegen for kvarandre. Den Corea-inspirerte piano/marimba-duetten «Førebels rørsle» illustrerer poenget godt. Jørn Øien spelar også mykje elektroniske tangentinstrument. Det gjer den potensielle fallgruva lettare å unngå.
Kolve skriv melodiøst uansett tempo, og det svingar stort sett av det meste. Inspirasjon har han henta hjå nemnde Steps Ahead og 2000-tals Wayne Shorter. Balladen «Maslab Lotsirb» (Bristol Balsam baklengs) er eit nydeleg døme på sistnemnde, der broder Kåre Kolve spelar eit lyrisk og velformulert sopransakskor, og Øien følgjer fint opp på synth. Det er i grunn stas å lytta til Øien plata igjennom, men rosina i pølsa er pianokoret på «Laus boks».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.