Grønkapitalistisk pop

Grimes kapitaliserer på klimakrisa.

Publisert

I låten «California» på plata Art Angels (2015) song den kanadiske popartisten Grimes om å gjere smerte til handelsvare. Det er ikkje uvanleg at artistar gjer den slags med eiga kjærleikssorg, men med albumet Miss Anthropocene, som krinsar rundt ei oppdikta gudinne over klimaendringar og speler på orda «misantropi» og «antropocen», eit føreslått omgrep for vår geologiske alder, som er sterkt prega av menneskeleg aktivitet, kapitaliserer ho på ei global krise som rører ved oss alle.

Albumet opnar greitt nok med den dunkle, saktegåande «So Heavy I Fell Through The Earth», og andresporet «Darkseid» er prega av blytung bass og robotaktig rap av den taiwanesiske artisten Pan Wei-ju, som òg leverte dei mest interessante elementa på den førre plata til Grime. Men med tredjesporet «Delete Forever» søkk plata ned til det mørkaste djupet av banal, overprodusert gitar- og ukulelepop, og med unntak av det eklektiske «4ÆM», som blandar drum and bass med bollywoodsamplingar, kjem det aldri opp att.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement