Grenselaust
Weser-Renaissance og Die Singphoniker framfører kosmopolitiske flamlendarar.
Hofforkesteret i München måla av Hans Mielich i manuskriptet til Orlando di Lassos Psalmi poenitentiales frå 1560-åra.
CD
«Internasjonal gotikk» kallar ein den seingotiske måleri- og skulpturstilen i Vest- og Sentral-Europa kring 1400, som uttrykkjer motiva naturalistisk, med rike fargar og folk i forseggjorde, ornamenterte tekstil.
Men òg i musikken oppstod det ein internasjonal stil i denne tida, «den flamske skulen», som i halvtanna hundreår kombinerte streng polyfoni med uttrykkssterk klang på raffinert vis. Flamske komponistar kledde musikarstillingar ved Europas fremste hoff og katedralar, og det er rein vokalmusikk av to seine representantar for skulen det tyske plateselskapet CPO no gjev oss på to nye album.
Formalt balansert
På den fyrste CD-en framfører Weser-Renaissance éi messe og motettar av Cipriano de Rore (1516–1565), flamlendaren som krona karrieren sin som kapellmeister ved Markuskyrkja i Venezia. Messa syner den tradisjonsbundne Rore, utan dei ekspressive tekstutleggingane som pregar dei verdslege madrigalane hans – dette er strengt polyfon og formalt balansert musikk som Weser-Renaissance framfører med stor, jamn klang.
Ein annan kosmopolitisk flamlendar var Orlando di Lasso (1532–1594), som etter oppveksten i Belgia mellom anna tente ved hoffet i Palermo og ved Laterankyrkja i Roma, før han blei hertug Albert V av Bayerns hoffkapellmeister i München. Det er ei samling frå denne siste tida, botssalmane Psalmi poenitentiales, vokalensemblet Die Singphoniker framfører på sitt dobbelalbum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.