Grenselaus trio
Erlend Apneseth Trio byd på elektronikk og akustiske instrument i perfekt symbiose.
Erlend Apneseth held fram med å ta med hardingfela inn i uvant musikalsk landskap, og Lokk er om mogeleg endå meir mangfaldig enn den kritikarroste forgjengaren, Salika, Molika (Hubro, 2019). Musikken vart i si tid tinga til framsyninga Skaut av og med dansekompaniet Frikar. Trioen knadde uttrykket i løpet av november 2019 i Duper studio i samarbeid med Jørgen Træen og Yngve Sætre.
Varierte groovar
Ensemblet ber namnet til Apneseth, men medlemene i trioen har delt aksjane i pokalen likt. Faktisk er det slik at høgdepunktet på plata er dei asiatisk inspirerte «Impedans» og «Slekter». Det som gjer desse til ugløymelege sekvensar, er eit oppkome av varierte groovar. Ein høyrer ofte minst like intrikat rytmikk med ein grenselaus klangpalett, men svært få får det til å groova dynamisk over tid slik denne trioen gjer.
Meditativt
Musikken har også sine humoristiske augneblinkar. Tittelkuttet «Lokk» høyrest ut som Side Brok og Herbie Hancocks Head Hunters har slått seg saman for å lokka på kyrne. Nærast folkemusikken er dei «Springar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.