Gratis livemusikkgilde
2020-utgåva av Adult Swim Festival gjekk føre seg på nettet.
Ved sida av kringkasting av teiknefilm og annan mørk humor for vaksne har Adult Swim, vaksenavdelinga til TV-kanalen Cartoon Network, sidan 2018 arrangert ein årleg hybrid av fansamling og musikkfestival med konsertar, panelsamtalar og såkalla «watch parties». Medan dei to første utgåvene var i Los Angeles, gjekk årets festival av stabelen på internett førre helg.
Programmet dekte eit breitt spekter av sjangrar og uttrykksformer: Popartisten Robyn gjorde eit DJ-sett, Run The Jewels og Deftones presenterte nye musikkvideoar, og ein handfull artistar gjorde framsyningar med mellom anna ymse former for omgang med køyrety i og ute av trafikk. Konserten til alternativrockbandet Algiers gjekk føre seg framom ein blåskjerm og eit openbert ikkje-eksisterande publikum, som inkluderte akrobatar og hestar, og fungerte som ein likefram kommentar til isolasjonstida vi lever i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.