JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Gratis livemusikkgilde

2020-utgåva av Adult Swim Festival gjekk føre seg på nettet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1809
20201120
1809
20201120

Internettkonsert

Robyn, Run The Jewels ofl.:

Adult Swim Festival

Adult Swim / YouTube

Ved sida av kringkasting av teiknefilm og annan mørk humor for vaksne har Adult Swim, vaksenavdelinga til TV-kanalen Cartoon Network, sidan 2018 arrangert ein årleg hybrid av fansamling og musikkfestival med konsertar, panelsamtalar og såkalla «watch parties». Medan dei to første utgåvene var i Los Angeles, gjekk årets festival av stabelen på internett førre helg.

Programmet dekte eit breitt spekter av sjangrar og uttrykksformer: Popartisten Robyn gjorde eit DJ-sett, Run The Jewels og Deftones presenterte nye musikkvideoar, og ein handfull artistar gjorde framsyningar med mellom anna ymse former for omgang med køyrety i og ute av trafikk. Konserten til alternativrockbandet Algiers gjekk føre seg framom ein blåskjerm og eit openbert ikkje-eksisterande publikum, som inkluderte akrobatar og hestar, og fungerte som ein likefram kommentar til isolasjonstida vi lever i.

Det er noko spesielt ved å sjå korleis musikarar trakterer instrumenta sine i den augneblinken musikken blir til, og kan hende er dermed dei mindre gimmickorienterte og meir tradisjonelt konsertaktige delane av festivalen mest relevante nett no. Slike var det heldigvis mange av. Nokre høgdepunkt var elektronikaartisten Loraine James’ virtuose oppbygging av hakkete trommemaskinrytmar og forvrengde samplingar, death metal-bandet Blood Incantations konsert med den avlidne filosofen Terence McKenna på spoken word-gjestevokal, og krautrock-jam frå øvingslokalet gitaristen Nate Mercereau med band. Det heile ligg arkivert på Adult Swims YouTube-kanal, og gratis er det òg.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er trommeslagar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis