Goethe-helt i fransk bunad
Etter den fine framføringa av Jules Massenets Werther-opera i Grieghallen sit eg att med spørsmålet: Fungerer helten til Goethe i ein storfelt fransk drame lyrique?
Werther (tenoren Edgaras Montvidas) døyr i armane på den uoppnåelege kjærleiken sin, Charlotte (mezzosopranen Catriona Morison).
Foto: Monika Kolstad
Dirrande feite strykarakkordar over ein dramatisk bass med bivrande paukar, etterfylgd av melankolske melodiliner: Preludiet til fyrste akt gjorde det klårt at korkje less is more eller understatement kom til å gjelda denne kvelden. Bergen Filharmoniske Orkester tok dette heilt ut og leverte komponisten Jules Massenets orkestrering med wagnersk tyngd.
Scenografien til britiske Antony McDonald var av ein annan skapnad. For han har teke dramaet ut av 1700-talssamanhengen og lagt det til Massenets samtid på slutten av 1800-talet. Sceneutsmykkinga var nøktern, men greidde å skapa gode stemningar innanfor dei rammene ein konsertscene som Grieghallen gjev – Bergen har jo framleis ikkje noko operahus.
Sturm und Drang
Massenet Werther-opera frå slutten av 1880-åra byggjer på Johann Wolfgang von Goethes gjennombrotsroman Den unge Werthers lidingar, som han skreiv i løpet av nokre få veker våren 1774 i ein «temmeleg umedviten, nesten søvngjengarsikker» tilstand, som han sjølv uttalte det.
I boka, som skulle bli ei programerklæring for den litterære Sturm und Drang-rørsla («storm og trong»), blir me tekne med til ein fiktiv småby. Her møter me den kompromisslause, unge svermaren Werther, ein jurist med utsikter til diplomatkarriere. Under ei vitjing hjå amtmannen, som lærer ungane julesongar midt på sommaren, blir han kjend med Charlotte, amtmannsdottera som han skal fylgja på ball.
I «Lotte», som ho blir kalla, blir han hovudstups forelska. Problemet er berre at ho alt er trulova med diplomaten Albert. Dette utviklar seg til eit trekantdrama, og etter mykje om og men endar det med at Werther ber Albert, som i mellomtida har gifta seg med Lotte, om å få låna pistolane hans (pistolar blei alltid leverte i par den gongen). Med ein av pistolane skyt han seg i hovudet natt til fyrste juledag – i operaen med lyden av julesongane til amtmannens born i bakgrunnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.