Godkjent solopianodebut

Det melodiske er i høgsetet hjå pianist Kjetil Mulelid.

Kjetil Mulelid er komponist og musikar.
Kjetil Mulelid er komponist og musikar.
Publisert

Kjetil Mulelid har forelska seg i Bösendorferen frå 1919 som står i Atlantic studio i Halden, og han brukar den store og rike klangen i instrumentet for alt det er verdt.

Alle elleve låtane har han komponert sjølv. Dei framstår som eit verk med ein del fellesnemnarar. Det melodiske er eit dominerande trekk. Det er også dei varsame tempovariasjonane – i balladetempo, med eit unnatak for «Dancers», stort sett brotne akkordar og særs «sjenerøs» sustainpedalbruk.

Kontrastar pregar slett ikkje musikken og spelet til Mulelid. Innimellom legg han for dagen ei naivistisk melodisk åre à la Ketil Bjørnstad, til dømes i opningskuttet, som logisk nok heiter «Beginning», og «For You I’ll Do Anything». Dette skapar ein tiltrengd variasjon, men det er ikkje til å stikka under stol at innspelinga hadde stått seg på meir temperament, at meir stod på spel.

Når eg likevel har kosa meg med mange gjennomspelingar av Piano, kjem det av alle dei små harmoniske variasjonane og melodiske vriane eg ikkje hadde venta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement