Gode tider
Nye riff og nilsenismar frå John Olav Nilsen & Nordsjøen.
John Olav Nilsen har henta fram att rockeartisten i seg.
Foto: Paal Audestad
Klassisk John Olav Nilsen, tenkte eg då gitarriffet på «Odyssé» dundra ut av høgtalaren ein gong i fjor haust, følgt av ei første verseline der det vert påpeikt at det ganske så rett er «gode tider for dårlige nyheter».
Det er freistande å kalle frasen for ein typisk «nilsenisme». Låtskrivaren har alltid hatt teft for å vri om på ord og vendingar slik at det kling friskt og fyndig, og både framandt og attkjenneleg til same tid.
Rocka
Det store i det små byr på alt det vi som har lytta trufast til John Olav Nilsen, først med Gjengen, så med Nordsjøen, kan forvente av eit nytt album frå den kanten. Eg går ut frå at det finst lyttarar som vil seie at vi med dette nye albumet ser rockeartisten Nilsen vende tilbake, og då ikkje minst fordi den elektriske gitaren atter har ein meir prominent plass i fleire av songane.
«Den smale sti» teiknar eit bilete av eit teknologisamfunn der forbrukarkulturen genererer si eiga form for overvaking, og der det intime og menneskelege har utsette vilkår det likevel er verdt å kjempe for: «Du kan få kontrollere meg elektronisk/ de kan få spille meg inn på film/ de kommer til å kysse oss kjemisk/ men det finnes et rom der ute de aldri når inn til.»
Nok ein gong er dei fengjande, melodidrivne poprocklåtane skiftevis dominerte av gitarar (Einar Vaagenes) og synthar (Mikael Kanstad og Nilsen sjølv), og fleire refreng festar seg fort, utan å sleppe taket like fort. «Glemt av Gud» er elegant kledd med kor, og det er Nora Lovise Tårnesvik som syng med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.