Musikk
Gjennomtenkt heilskap
Dei tre siste platene til Geir Sundstøl heng saman.
Dette er den tredje plata strengemeisteren Geir Sundstøl gjev ut på plateselskapet Hubro i løpet av kort tid. Sundstøl er kjend som ein av landets mest nytta studiomusikarar, men gjennom soloprosjektet sitt får han vist at han ikkje berre er ein strålande gitarist, men like mykje komponist, arrangør og produsent.
Spelerom
Samstundes som han breiar seg med melankolske melodisnuttar og arsenal av kjende og ukjende strengeinstrument, gjev han sjenerøst spelerom til medmusikarane Erland Dahlen (slagverk), David Wallumrød (tangentar), Sanskriti Sheresta (tabla), Mats Eilertsen og Jo Berger Myhre (bass) og Nils Petter Molvær (trompet). Fleire av desse var med på dei førre to platene, og heile bandet til Molvær er representert.
Stilistisk er musikken vanskeleg å plassera. Akustiske gitarar, bjøller og tablatrommer gjev assosiasjonar til det som i mangel av eit betre namn kan kallast verdsmusikk. At musikarane har bakgrunn frå pop/rock og moderne jazz, er tydeleg, utan at musikken dermed kan plasserast i nokon av dei båsane. Framfor alt er den stillferdige og dvelande musikken sterkt prega av den forma for minimalisme som kan kallast ambient, men – vel å merka – i tradisjonen etter Brian Eno, som på denne plata er representert med instrumentalen «Warszaw», som han midt i 70-åra laga saman med David Bowie.
Heilskap
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.