Gjennomarbeidd og smakfullt

Tine Skolmen platedebuterer med fransk slagside.

Publisert

I godt vaksen alder platedebuterer vokalisten Tine Skolmen med elleve handplukka, finsikta og gjennomvurderte coverlåtar. Ingen kan påstå at Skolmen er ubudd. Her er alt teke hand om.

Det har vore kjent at Skolmen er ein habil vokalist, men jobben som programmedarbeidar i NRK har kanskje teke for mykje tid og energi?

Ein ventar ikkje til fånyttes som ventar på noko godt. Skolmen er som sagt godt budd, og det gjeld i særleg grad korleis ho har utvikla tolkinga av desse låtane. At ho har eit godt auge til Michel Legrand og har teke med fire av låtane hans, synest eg berre er stas. Det er ikkje noko banebrytande i det ho gjer, men her er alle vokale verkemiddel brukte med sikker stilsans: enten det er ein varsam vibrato, ei svakt raspande røyst eller generelt dynamisk stålkontroll. Alt er gjort med sans for heilskapen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement