Gjennomarbeidd og smakfullt
Tine Skolmen platedebuterer med fransk slagside.
Jazz
Tine
Skolmen:
Here’s to Life
Tine Skolmen, vokal; Krister Jonsson, gitar; Ellen Brekken og Mats Ingvarsson (1,3 og 10), bass. PONCA JAZZ RECORDS, PJRCD 1031
I godt vaksen alder platedebuterer vokalisten Tine Skolmen med elleve handplukka, finsikta og gjennomvurderte coverlåtar. Ingen kan påstå at Skolmen er ubudd. Her er alt teke hand om.
Det har vore kjent at Skolmen er ein habil vokalist, men jobben som programmedarbeidar i NRK har kanskje teke for mykje tid og energi?
Ein ventar ikkje til fånyttes som ventar på noko godt. Skolmen er som sagt godt budd, og det gjeld i særleg grad korleis ho har utvikla tolkinga av desse låtane. At ho har eit godt auge til Michel Legrand og har teke med fire av låtane hans, synest eg berre er stas. Det er ikkje noko banebrytande i det ho gjer, men her er alle vokale verkemiddel brukte med sikker stilsans: enten det er ein varsam vibrato, ei svakt raspande røyst eller generelt dynamisk stålkontroll. Alt er gjort med sans for heilskapen.
Skolmen kunne ha valt å kamuflera røysta i eit meir massivt lydbilete, men her er kompet omtrent så sparsamt som det kan vera. Både Brekken og Ingvarsson gjer ein fin jobb på bass. Førstnemndes bogekomp på Jaques Brels «Ne me quitte pas» (eller «If You Go Away» som songen heiter i den fine omsetjinga til Rod McKuen) er verd ekstra merksemd. Dette er elles høgdepunktet på plata. Skolmen syng med eit intenst alvor og eit drama som låten treng. Elles er gitarspelet til svenske Krister Jonsson akkurat så utsøkt lyttande og variert som ein kan ynskja. Det har sine fordelar å debutera i vaksen alder, også på plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.