Gitarspel i postapokalypsen

Musikken i Sonys storsatsing byd på ambient og gitar­basert americana.

Publisert

Spelet The Last Of Us Part II byd på ein unik spelmekanikk, nemleg det å lære å spele kassegitar. Om lag ein gong per akt i den intense, interaktive soga lyt ein legge gevær og granatar bort, ta gitaren fatt og sveipe og gnukke på berøringsdelen av handkontrollen medan ein vel akkordar med ein av styrespakane. Ikkje så rart, då, kanskje, at musikken til spelet har blitt vurdert ei separat utgjeving verdig.

Musikken er komponert av Mac Quayle, kjend for musikken i sci-fi-serien Mr. Robot, og argentinske Gustavo Santaolalla, som står bak musikken i filmar som Brokeback Mountain og Babel. Sistnemnde bidreg med gitarorientert, ørkenaktige americana-musikk, gjerne med steelgitar, banjo eller fele i bakgrunnen. Quayle durar på med bekmørk og basstung orkesterambient som resonerer i veggar og ristande vindaugsruter, og dei to stilane sklir inn i kvarandre på dystert harmonisk vis.

Soga i spelet resonerer òg med tida vi lever i, og er langt på veg eit framifrå døme på korleis spel kan vere eit rikt og annleis medium for historieforteljing. Det heile går føre seg i ei framtid der eit virus som påverkar nervesystemet (som det òg ser ut til at koronaviruset kan gjere uavhengig av alder og helsetilstand), har ramma brorparten av menneskeætta og drepe eller gjort dei om til deformerte zombie-aktige monstrum, og dei gjenlevande lever i uforsonlege politiske og religiøse fraksjonar, tragisk nok med parallellar til røynda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement