Gata er ei svart elv
Orkanen Sandy fekk Laurie Anderson til å komponere ny musikk.
Laurie Anderson har laga eit album inspirert av orkanen Sandy.
Pressefoto
«Orkanen likna galaksar eg ikkje kjende namnet på», heiter det i «Our Street is a Black River», eit av dei tidlege spora på Landfall, det nye albumet frå Laurie Anderson og strykekvartetten Kronos Quartet.
At desse to institusjonane i det nordamerikanske kunstliv kom saman for å framføre musikk nyskriven av Anderson, skal vi vere glade for. Møtet mellom det elektroniske og det akustiske på Landfall er perfekt eigna til den heilt eigne naturskildringa prosjektet krev. Dei massive, skremmande kreftene som vart sette i sving, vert gjort levande, men også kjensla av at ein kompleks, urban, høgteknologisk infrastruktur viser seg å vere så sårbar når alt kjem til alt.
Inspirert
Det var i slutten av oktober 2012 at den tropiske syklonen som fekk namnet Sandy, oppstod i Karibhavet og råka Haiti, Jamaica, Cuba, Den dominikanske republikken, Bahamas og det nordaustlege USA med storbyane sine. Minst 186 menneske mista livet, 113 av dei USA, og livet i New York – byen som har vore så sentral for Laurie Andersons kunstnarliv – vart snudd på hovudet då ei ti meter høg bølgje slo inn i hamna.
Andersons heim sør på Manhattan vart overfløymd. Då ho kom ned kjellartrappa, flaut alt, og det meste var tapt. Ulikt dei fleste andre fann ho synet underleg vakkert. Det vart endåtil musikk av det, framført på konsert alt i 2013.
Landfall er ei fascinerande utgiving. Den ytre dramatikken er teken godt vare på, men balansert opp mot ein undrande, lågmælt, tidvis karakteristisk lakonisk tone. Trufaste lyttarar vil kjenne att fleire sentrale trekk frå tidlegare plater, ikkje minst fabelaktige Homeland (2010). Nok ein gong vel Anderson å manipulere si eiga røyst til ei mannsrøyst, i nesten ti minutt lange «Nothing Left But Their Names», om ei bok som listar opp alle utdøydde dyreartar på jorda. Andersons New York er berre ein av mange stader på planeten. Havstraumane på Landfall er til sjuande og sist del av eit globalt økosystem menneskeslekta er i ferd med å forkludre på katastrofalt vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.