Gard med hammaren

Trippel bass og trommer står klart og tydeleg fram.

Supersoncic Orchestra slik Gard Nilssen presenterer det.
Supersoncic Orchestra slik Gard Nilssen presenterer det.
Publisert

I fjor var Gard Nilssen residerande musikar på Moldejazz, og blant dei åtte konsertane han heldt, var den med det stjernespekka Supersonic Orchestra. Musikken på CD-en er henta frå konserten. Tittelen er ei fornuftig brukarrettleiing. Med 16 musikarar i sving, til tider med fullt trykk, er det krevjande å få med seg alle detaljar.

Sjølv om bandet har 16 medlemmer, er dette langt frå ein klassisk storbandbesetning. Berre tre messingblåsarar har Nilssen funne plass til, men overvekta av treblåsarar der mange trakterer fleire instrument og ein trippel rytmeseksjon gjev eit karakteristisk lydbilete – ein polyrytmisk malstraum der dei nemnde treblåsarane har ein viktig funksjon. Musikken skifter frå det overveldande til det vare, og ofte er det skiftande grupper i bandet som driv den musikalske forteljinga vidare.

Solistane dukkar opp jamt og trutt enten i lange berande parti (Petter Eldh og Hanna Paulsberg i «Teppen Dance», som brubyggjar mellom låtane (Kjetil Møster i overgangen frå «Bøtteknott» til «Elastic Circle») eller i korte utblåsingar i riffbaserte sekvensar, men alt dette er ein organisk del av eit mangslunge uttrykk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement