Gamle songar
Jeff Tweedy ser seg tilbake.
Eit lite pust i munnspelet, og så er Jeff Tweedy i gang med sin stillfarande versjon av «Via Chicago», opningssporet på det ferske, akustiske soloalbumet Together At Last. Lyttaren forstår raskt at vi denne gongen får eit møte med trubaduren – og ikkje bandleiaren – Tweedy.
Ikonisk rockelåt
«Via Chicago» er ein ikonisk rockelåt i Wilco-katalogen. I snart tre tiår har fansen nynna med til songen, som i dag er eit sjølvsagt innslag på alle konsertar med bandet, som i seinare år har dekonstruert komposisjonen ved å innføre nokre eruptive støysekvensar som får publikum til å kveppe i fryd. Men på Together At Last dreg Tweedy «Via Chicago» tilbake til sitt tidlegaste opphav, til den songen han laga med kassegitaren i fanget for knapt tjue år sidan.
Together At Last er spelt inn i Wilcos loftsstudio i Chicago, og vert den første i ein ny serie, Loft Acoustic Sessions, der Tweedy nytolkar eigne låtar, og (i alle fall i dette tilfellet) strippar dei for orkestrering og arrangement. Saman med «In a Future Age» og «I’m Always In Love» gjer «Via Chicago» Summerteeth (1999) til den mest representerte utgivinga på albumet.
Somme vil kjenne Tweedy frå dette formatet frå før. Han har halde ei rekkje solokonsertar opp gjennom åra, og det er nok fleire enn meg som har lytta til konsertrekkja han la ut for sal frå heimesida til Wilco for nokre år sidan. I 2006 kom dessutan konsertfilmen Sunken Treasure som samla opptak frå fem konsertkveldar den vinteren.
Breidde og variasjon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.