Gamle songar om igjen

Plata Ghosts står fram som eit verk.

Publisert

Musikken på denne innspelinga er henta frå ein konsert trioen gjorde i kulturkyrkja Jakob i 2018. På den sjette plata si har trioen valt ut åtte låtar som alle er spelte inn på dei fem førre utgjevingane. Berre folkemusikkinspirerte «River Song III» er eksklusiv for Ghosts. Dette er eit spanande grep, fordi ein då kan høyra utviklinga trioen har vore igjennom, men plata kan med stort utbytte lyttast til utan referansar.

Eple Trio har på dei 13 åra sidan debuten Made This utvikla eit særpreg og ein identitet som gjer at dei står fram i den tette floraen av pianotrioar. Dei tre musikarane har gjennom allsidig virke som frilansmusikarar blitt klart betre på instrumenta sine. I tillegg er samspelet av ei heilt spesiell legering. Dette kjem fram i dei mange rubatopartia. Sjøvaag har utvikla fargelegginga i spelet sitt, og Hole er blitt ein meister med bogen. Ulvo brukar dynamikk og tempoforskyving til å skapa eit rastlaust drama. Innimellom dukkar det opp søte små melodiske miniatyrar som «First Sun», eller dei kan gå i rocka lei med «First Monday In October». Denne låten eksemplifiserer eit anna sentralt aspekt ved konserten/innspelinga: Trioen har tenkt heilskap eller verk i måten dei har bygd framføringa opp på, slutten på låten set oppfølgjaren «Sinking Ship» i eit spesielt ljos.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement