Gamalt på nytt
Jeff Goldblum byr på heller tannlaust kjendiseri i swingjazzformat.
Jeff Goldblum har visstnok spelt jamleg med swingjazzorkesteret sitt på ein bar i Los Angeles i eit par tiår, men debutplata kom først ut no nettopp. Her er det hovudsakleg pianotangentane den kjende skodespelaren trakterer. Unntaket er på «Me And My Shadow», ein standardlåt som kan hende er mest kjend i Rat Packs versjon frå 1962, og i denne nostalgiens høgtid, jola, er faktisk «Christmas with the Rat Pack», saman med Ella Fitzgeralds «A Swinging Christmas» og Vince Guaraldis Knøttene-jolesongar, på lista over denne meldarens mogelegvis litt skuldige gleder. Elles i året blir det ikkje mykje swing på desse trommehinnene, så kvifor ikkje nytte høvet til å undersøkje kva den 66 år gamle kjendisen har å bidra med til dette fossilet av ein musikksjanger?
Jau, godtokke, er svaret. Det er tale om ein «live i studio»-affære, komplett med applaus, latter og kvasikomisk koseprat innimellom nye (men knapt nyskapande) versjonar av velkjende standardlåtar. Sjølv om mykje av salsargumentet er «sjå, han kan spele piano òg», er det ikkje virtuositet Goldblum er ute etter å vise fram her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.