Fyr og flamme

Neko Case er ein av dei største låtskrivarane og vokalistane i generasjonen sin.

Publisert

Eit utrydda dyr stirer mot deg frå pengesetelen. Slik er det magre løftet om evig liv formulert i «Last Lion of Albion», det andre sporet på Hell-On, det nye studioalbumet frå Neko Case.

«They’ll use you for centuries to come», syng Case, idet lyttaren prøver å fordøye paradokset. For dette er songen til den siste tigeren i Tasmania, til det siste sedertreet i Libanon – til skapningar og landskap mennesket opphøgjer til kulturelle ikon, og til same tid utryddar: «You’ll feel extinction when you see your face on their money.»

Suveren meloditeft

Hell-On stadfestar Neko Cases posisjon som ein av dei største låtskrivarane og vokalistane i generasjonen sin. Med dei få verselinene i «Last Lion of Albion» får ho sagt frykteleg mykje, men eg er alt fanga før eg er i stand til å fatte samanhengen mellom noko av det, for då har songen alt drege meg inn, i kraft av dei musikalske kvalitetane. Mellom desse høyrer ein suveren meloditeft til – og ei røyst som ikkje liknar noko anna.

Dei som kjenner Case, skal vite at Hell-On er heilt på høgde med Fox Confessor Brings the Flood (2006), Middle Cyclone (2009) og The Worse Things Get, The Harder I Fight, The More I Love You (2013) – utgivingar som vitnar om eit konsekvent høgt kvalitetsnivå i alle ledd. Somme av songane på dette nye albumet peikar likevel i nye retningar. Case budde i Stockholm i to månader og arbeidde med albumet der, og fekk med Björn Yttling som medprodusent, eit friskt tilskot på ei plate som elles inneheld samarbeid med mange gamle kjenningar i Case-samanheng, folk som Joey Burns (Calexico), kd lang og Laura Veirs (fleire lesarar vil hugse case/lang/veirs frå 2016), Kelly Hogan og AC Newman (eit medmedlem i The New Pornographers).

Mange lag

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement