Fuglar, trafikk og musikk
Vilde & Inga dreg omgjevnadene inn i lydbiletet.
Vilde Sandve Alnæs og Inga Margrethe Aas har vore i studio, i skogen og i byen.
Pressefoto
Samtidsmusikk
Vilde & Inga:
How Forests Think
Vilde Sandve Alnæs, fiolin; Inga Margrethe Aas, kontrabass; Benjamin Maumus, lyddesign. Sofa Music
Tidlegare i haust skreiv eg om Sherrifs of Nothingness’ plate, som var innspelt med lyden av ein peiseld som akkompagnement til dei minimalistiske lydane frå fele og bratsj.
Også på denne doble CD-en med improvisert musikk for fiolin og kontrabass er det fokus på korleis omgjevnadene kan nyttast aktivt for å prega det musikalske resultatet. Vilde og Inga er ikkje dei første som spelar inn plate i Emanuel Vigelands mausoleum, som har ekstrem etterklang. Såleis er ikkje dette nokon original idé, men ei stadfesting av korleis dette unike lokalet i seg sjølv verkar som eit instrument. Nokre av spora er spelte inn i eit vanleg studio, og her er det detaljerte næropptak av alternative speleteknikkar som dominerer.
Men det er utandørsopptaka som er mest spanande: Opptaka frå Spikertjern er dominerte av fuglelydar frå den stille skogen, og instrumentalistane er varsame i uttrykket. Dei smyg seg nesten umerkeleg inn og ut av fuglesongen og det stille suset frå skogen. Også opptaka frå Oslo sentrum er spanande, der trafikklydar, som vanlegvis vert opplevd som noko negativt, vert estetiserte i denne konteksten. Og skogens småfuglar er her erstatta med måkeskrik.
Den amerikanske komponisten John Cage (1912–1992) har vore ein pioner når det gjeld å ta lyd frå ikkje-instrument på alvor som estetiske objekt. Dette inkluderer stilla, som kanskje ikkje finst: Me er alltid omgjevne av lyd, og til og med kroppen vår produserer lydar utan at me gjer noko aktivt for at det skal skje.
I dag er ikkje slike tankar avantgardistiske lenger. Det er mange lydkunstnarar, komponistar og improvisatorar som er opptekne av dette. Men versjonen til Vilde & Inga er ikkje ein av mange som vil verta gløymde. Dette er fokusert og disiplinert samstundes som det er avslappa, ikkje-hektisk og inkluderande. Når eg skriv dette, høyrer eg samstundes strykeinstrumenta, omgjevnadene rundt innspelinga, susinga i øyra mine, lyden av ventilasjonsanlegget på kontoret og klapringa frå tastaturet. Musikken på How Forests Think hjelper oss til vera til stades i den lyden som omgjev oss heile tida.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.