Fuglane på brettet
Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Kathleen Edwards har funne vegen attende til platestudioet.
Foto: Kathleenedwards.bandcamp.com
Hundane søv, og frå glaset går det an å sjå fuglane på brettet. Treng ein noko meir? «No one to need», syng Kathleen Edwards, i første strofe i årets finaste song, «Birds on a Feeder», og roa senkar seg.
Men noko skrapar, sjølvsagt, idet gløden frå peiselden og natta som var, blandar seg med lyset frå morgonsola, reflektert i soveromsgolvet. Den andre gongen Edwards vender tilbake til refrenget og dei frigjerande orda «no one to need», legg ho til eit ord til, nærast kviskrande, nemleg «me»: «I got no one to need me.»
Suveren låtskrivar
Knapt nokon har vel betre skildra den særeigne spenninga mellom den stille triumfen som høyrer til kjensla av å klare seg på eiga hand, og den seigliva lengten etter ein annan, i ein song. Edwards er ein suveren låtskrivar, og røysta hennar, måten ho formidlar denne paradoksale fridomen på, festar seg.
«Birds on a Feeder» er berre eitt av fleire høgdepunkt på Total Freedom, det første albumet frå Edwards på åtte år. Voyageur, plata ho gav ut i 2012, er ei utgiving eg har vendt tilbake til igjen og igjen. Då ein Europa-turné vart varsla etter at albumet kom ut, og ein konsert i Bergen vart annonsert, var eg raskt ute med å skaffe meg billett. Men så kom kanselleringane, og etter kvart nyhenda om at Edwards etter ei djup krise hadde teke ein pause frå artistlivet – på ubestemt tid. Det vart stille, akkurat då det summa som mest, for Voyageur fekk av gode grunnar mange lyttarar.
Nyvunnen visdom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.