Frodig venleik

Jamvel modernisten Schönberg hadde ei fortid som søt seinromantikar.

Arnold Schönberg (1874–1951). Utsnitt av målarstykke av Richard Gerstl kring 1905.
Arnold Schönberg (1874–1951). Utsnitt av målarstykke av Richard Gerstl kring 1905.
Publisert

Den musikkhistoriske utviklinga blir som regel driven fram «organisk», gjennom prosessar som var resultat av musikalsk praksis. Eit døme på dette er den fyrste fleirstemmigheita som oppstod på 800-talet, eller den sjølvstendige instrumentalmusikken, som frigjorde seg frå vokalmusikken på 1500-talet. Og sjølv om byrjinga på perioden me kallar barokken, blir sett i samband med «operaens fødsel» kring 1600, kan ikkje barokkstilen førast attende til éi hending eller éin komponist.

Slik sett skil den austerrikske komponisten Arnold Schönberg seg ut. Sommaren 1921 fortalde han ein student at han hadde «funne noko som kjem til å sikra den tyske dominansen i musikken i dei komande hundre åra». Det han sikta til, var «tolvtoneteknikken», som markerte eit abrupt brot med den tradisjonelle dur- og molltonaliteten.

Pling-plong

Schönberg hadde altså laga sin eigen teori, for så å komponera utifrå reglane teorien hans føresette. Det at mange i dag, hundre år seinare, tykkjer stykka hans kling som «pling-plong-musikk», seier sitt om kor radikalt påfunnet var.

Seier ein «Schönberg», kjem som regel «tolvtoneteknikk» i neste setninga. Men Schönberg kom òg einstads frå, nemleg frå den store tysk-austerrikske seinromantiske tradisjonen. Det er denne sida Leipziger Streichquartett presenterte oss for på sitt utmerkte album i 1992, der me får strykekvartetten i D-dur frå 1897, som er så tradisjonell at komponisten seinare unnlèt å gje han opusnummer. Men stykket har noko ved seg, sjølv om den sjølvlærde 23-åringen var så usikker på forma at han måtte slå opp på ordet «S» i Meyers Konversations-Lexikon for å skjøna korleis han skulle skriva i sonateform.

«Eit ekte talent»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement