Frodig venleik
Jamvel modernisten Schönberg hadde ei fortid som søt seinromantikar.
Arnold Schönberg (1874–1951). Utsnitt av målarstykke av Richard Gerstl kring 1905.
CD
Arnold Schönberg:
String Quartets
Leipziger Streichquartett, MDG 1992/1999.
Den musikkhistoriske utviklinga blir som regel driven fram «organisk», gjennom prosessar som var resultat av musikalsk praksis. Eit døme på dette er den fyrste fleirstemmigheita som oppstod på 800-talet, eller den sjølvstendige instrumentalmusikken, som frigjorde seg frå vokalmusikken på 1500-talet. Og sjølv om byrjinga på perioden me kallar barokken, blir sett i samband med «operaens fødsel» kring 1600, kan ikkje barokkstilen førast attende til éi hending eller éin komponist.
Slik sett skil den austerrikske komponisten Arnold Schönberg seg ut. Sommaren 1921 fortalde han ein student at han hadde «funne noko som kjem til å sikra den tyske dominansen i musikken i dei komande hundre åra». Det han sikta til, var «tolvtoneteknikken», som markerte eit abrupt brot med den tradisjonelle dur- og molltonaliteten.
Pling-plong
Schönberg hadde altså laga sin eigen teori, for så å komponera utifrå reglane teorien hans føresette. Det at mange i dag, hundre år seinare, tykkjer stykka hans kling som «pling-plong-musikk», seier sitt om kor radikalt påfunnet var.
Seier ein «Schönberg», kjem som regel «tolvtoneteknikk» i neste setninga. Men Schönberg kom òg einstads frå, nemleg frå den store tysk-austerrikske seinromantiske tradisjonen. Det er denne sida Leipziger Streichquartett presenterte oss for på sitt utmerkte album i 1992, der me får strykekvartetten i D-dur frå 1897, som er så tradisjonell at komponisten seinare unnlèt å gje han opusnummer. Men stykket har noko ved seg, sjølv om den sjølvlærde 23-åringen var så usikker på forma at han måtte slå opp på ordet «S» i Meyers Konversations-Lexikon for å skjøna korleis han skulle skriva i sonateform.
«Eit ekte talent»
Særleg sans har eg for fyrstesatsen «Allegro molto», som Leipziger Streichquartett spelar med ein vedunderleg kombinasjon av lette og lidenskap. Forma har Schönberg etter Johannes Brahms, den tyske romantikaren som døydde same året. Men melodikken, særleg forminga av det musikalske hovudtemaet i eksposisjonen, er meir plastisk og frodig enn hjå Brahms. Ja, for meg minner det meir om det den nasjonalromantiske tsjekkaren Antonín Dvorák fekk til i sin niande symfoni, den med tilnamnet «Frå den nye verda».
Ikkje uventa fekk strykekvartetten god mottaking i Wien, der ein konservativ musikksmak herska – Schönberg var «eit ekte talent, som har ytra sitt fyrste betydelege ord», skreiv kritikaren i Neue Freie Presse. Men sett i ettertid, i musikkhistorisk samanheng, var vel ikkje dette ordet så betydeleg. Schönbergs skilsetjande musikalske ytringar skulle koma seinare, og då dei kom, var det slutt på gode kritikkar i wienarpressa.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Standardinnspelinga:
Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?