JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Frisk musikk frå svenskegrensa

Engerdal byr på effektivt samspel mellom fele og munnspel/trøorgel i dansemusikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1623
20210423
1623
20210423

FOLKEMUSIKK

Lillebo & Stub­sveen:

Engerdal

Ta:lik

Heilt aust i Østerdalen, på grensa til Sverige, ligg Engerdal. Ikkje det mest kjende folkemusikkområdet for dei fleste av oss, men med denne plata får det rike musikklivet i dalen velfortent merksemd.

Unge musikarar

Dei unge musikarane Sigrid Stubsveen (fele) og Anders Lillebo (munnspel og trøorgel) vidarefører dansemusikk som dei har henta frå mellom anna O.M. Sandviks bok Østerdalsmusikken og arkivopptak. Dei spelar både eldre dansetypar som polsk og runnom, runddansmusikk og eit par bruremarsjar.

I motsetnad til mange yngre musikarar som lagar samspelsversjonar av folkemusikk, finst det ikkje lån frå andre stilartar her. Det er slåttane i rein form som vert spela, utan improvisasjonar eller mellomspel. Anten Lillebo spelar munnspel eller trøorgel, har han utforma arrangementa slik at dei ligg tett opp til det rytmiske og harmoniske som alt ligg i felespelet. Dei to instrumenta høyrest slik sett ut som ei stor fele med utvida klangspekter. Fottrampinga er tydeleg høyrleg og understrekar det sterke rytmiske aspektet ved musikken.

Eldre kjelder

I staden for å gjera folkemusikken til konsertmusikk, eller ei slags kunstform, er dette spel som held seg tett opp til framføringsmåtane til eldre kjelder, og som er effektiv dansemusikk. Men likevel er det gjevande å lyda på utan å dansa til, for det er heile tida snakk om velspelte og gode melodiar.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis