Friksjon

Det gneistrar av Engegårdkvartetten når dei spelar Schumann.

Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2006.
Engegårdkvartetten blei stifta i Lofoten i 2006.
Publisert

Soloklaver og strykekvartett (to fiolinar, éin bratsj og éin cello) har kvar for seg eit rikhaldig uttrykksregister. Om ein kombinerer desse to besetningsformene, aukar ein òg uttrykket: Ein får klaverkvintetten, ei erkeromantisk form som Robert Schumann var fyrst ute med å utnytta til fyllest. Dette hende i hans kammermusikalske raptusår 1842, då begge stykka på plata til Engegårdkvartetten og pianisten Nils Anders Mortensen blei til: Klaverkvintett i Ess-dur, op. 44 og Klaverkvartett i Ess-dur, op. 47.

Det finst mange gode innspelingar av verka, men spesielt godt likar eg den Jerusalem Quartet kom med i 2012. Korleis står albumet til nordmennene seg i høve til den?

Dolce

Lat oss byrja med kvintetten, med fyrstesatsen «Allegro brillante». I hovudtemaet, som byrjar med kraftige gestar uttrykte gjennom stigande akkordblokker, opplever me Schumann på sitt mest optimistiske, ja, nærast maniske. Det gneistar av Engegårdkvartetten, som set kvassare aksentar og har vidare ensembleklang enn Jerusalem-kvartetten.

Jamfør konvensjonen i slike satsar er sidetemaet kontrasterande. Det er ein lengtande dialog mellom cello og bratsj som Schumann vil at skal spelast «dolce», altså «mjukt». Korleis gjer ein det? På den eine sida kan ein få til dette mjuke reint klangleg, ved å halda att når det gjeld dynamikk og artikulasjon, noko Engegårdkvartetten gjer. Men ein kan òg få det til gjennom fraseringa – jo friare og bøyelegare fraseforminga er, desto mjukare blir inntrykket, og på dette punktet syner Jerusalem Quartet rikare nyansar.

Poetisk sparsemd

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement