Musikk
Fridom gjennom sjølvdisiplin
Knut Kvifte Nesheim vil ikkje låsa seg i etablerte stilistiske kategoriar.
Knut Kvifte Nesheim er komponist, trommeslagar og vibrafonist.
Pressefoto
Results
Denne plata er sett saman av sju spor musikk for solotrommesett. Mannen bak verket er Knut Kvifte Nesheim, som på nettsida si presenterer seg som trommeslagar, vibrafonist og komponist som arbeider med jazz, folkemusikk, improvisasjon og alt innimellom. Det er med andre ord tale om ein musikar som ikkje vil låsa seg i etablerte stilistiske kategoriar – noko han ikkje er åleine om for tida.
Det meste av musikk for soloslagverk som er laga i den vestlege verda (inkludert Noreg), kan vanlegvis kategoriserast som «samtidsmusikk» eller «moderne jazz» (eventuelt «frijazz»). Medan «samtidsversjonen» ofte er prega av ekstremt kontrollerte detaljar på mikronivået (oftast med utgangspunkt i eit svært komplisert partitur), er den «friimproviserte» versjonen helst prega av ekstatiske kaskadar av lyd, gjerne utan fast metrum (eller takt, som det heiter i kvardagsspråket).
Nesheim synest å vera sterkt medviten om desse to ytterpunkta og vel difor ein annan veg: I presentasjonen av prosjektet seier han ingenting om verken sjanger eller arbeidsmetode. I staden gjev han oss overraskande hint ved hjelp av den visuelle utforminga av LP-omslaget: På eit fotografi av ei einsleg flaske energidrykk er tittelen Results skriven loddrett (som i eit kryssord), medan titlane er skrivne vassrett, på tvers av platetittelen. Og titlane (som «Hard Work», «Goals» og «No Excuses») fylgjer opp heilskapskonseptet, der disiplin, målretting og kontroll synest å stå i høgsetet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.