Fri form

Perfume Genius omfamnar kunstnarleg og menneskeleg eigenart.

Perfume Genius orienterer seg framleis meir mot konfrontasjon enn avklart ro.
Perfume Genius orienterer seg framleis meir mot konfrontasjon enn avklart ro.
Publisert

«I can’t dream / something keeps me locked and bodied», heiter det skarpt og kviskrande i «Choir», eit nøkkelspor midtvegs på No Shape, det nye albumet frå Perfume Genius.

Songen er isnande vakker, med kvervlande strykarar og høgstemte patos, og han dramatiserer effektivt ei av dei sentrale spenningane på albumet, mellom menneskesinnet og menneskekroppen, som av og til dreg individet i to ulike retningar.

Respekt

Det var hausten 2014 at eg skrytte slik av Too Bright, Perfume Genius’ førre utgiving, som eg kalla «grenseoverskridande og viktig», ikkje minst på grunn av Mike Hadreas’ hardtslåande oppgjer med homofrykta han hadde fått møte i sitt eige liv. Artisten voks opp i ein Seattle-forstad, og fekk drapstrugsmål då han i tenåra stod fram som homofil, noko som førte til at han rett som det var fekk juling og vart spytta på.

Den gongen kunne Hadreas fortelje i intervju at folk i platebransjen råda han til å gjere identitetsproblematikken «meir universell». Det rådet følgde han heldigvis ikkje. For å sitere Hadreas nok ein gong: Det handlar om å krevje respekt, ikkje om å be om aksept.

Spenn

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement