Frenetisk sentimentalitet
Squarepusher lagar nostalgimusikk med analogt utstyr.
Squarepusher alias Tom Jenkinson.
Foto: Donald Milne
Tom Jenkinson, betre kjend som Squarepusher, ein britisk veteran innan elektronisk musikk, har dei siste åra gjennomført ei rekke eksperimentelle prosjekt med andre siktemål enn å få folk til å løfte på dansefoten. Eit døme er livebandet Shobaloader One, som spelte tolkingar av Squarepusher-låtmateriell som ein kanskje skulle ha trudd berre kunne bli framførte av førehandsprogrammert datamaskineri; eit anna er All Night Chroma, laga med pipeorgelet i Royal Festival Hall i London; Solo Electric Bass 1 er ei relativt rolig liveplate spelt inn på Jazz à la Villette-festivalen i 2007.
Retrofuturistisk
På albumet Be Up A Hello har Jenkinson gått tilbake til start og plukka fram att det analoge utstyret han brukte på tidlige plater i 90-åra. Medan opningsspora «Oberlove» og «Hitsonu» har eit sentimentalt preg med fokus på melodi, kunne låta «Nervelevers» («nervespakar») vore lydsporet til ei intens actionscene i ein dystopisk framtidsfilm frå 80-åra. Her er det som om medvitet til lyttaren til dels blir kontrollert lik ein marionett, og dei hektiske synthesizertrillene vert framførte med ryggvirvlane som tangentar og hjernestammen som modulasjonshjul. Balladen «Detroit People Mover» har òg eit distinkt retrofuturistisk preg, men er rørande i kjenslemessig forstand meir enn det som har med dans å gjere.
Medrivande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.