Musikk

Frekke fridomsrim

Ephorize er ei feiring av mangfald.

Publisert

Førre utgjeving eg melde her i Dag og Tid, var Pop2 av Charli XCX, ei plate eg var ambivalent til trass i ei rekke friske grep. Eit høgdepunkt var (delar av) låta «I Got It», mykje grunna gjesteartisten CupcakKe – pseudonymet til Elizabeth Eden Harris, ein rappkjefta rappar frå Chicago som nyleg gav ut sitt tredje album (og femte samlingsband i alt sidan 2016).

«And most people already skipped this song ’cause it ain’t about sex and killin’», messar CupcakKe på sporet «Self Interview» – for hiphop er ein sjanger som ofte er forureina med tanketom kjønnsdiskriminering og andre barske klisjear. CupcakKe spelar rett nok på sex, slik (kvinnelege) artistar gjerne gjer, og det på eit par hakk meir eksplisitt – og medvite – vis enn normalen. Den openberre vrien er at ho ikkje passar inn i det smale kroppsidealet som regjerer i popkulturen. Men sexy er det til tusen når ho knurrar som eit villdyr i skyhøgt tempo over tunge, men oppløftande beats. Prektige lyttarar vil mogelegvis slite med å svelgje mange av dei frekke rima hennar, medan andre kan fryde seg over snurrige verseliner som ofte er til å trekkje på smilebandet av.

Albumet er utgjeve på den uavhengige distribusjonsplattforma TuneCore, og fridom, mangfald, kroppsformsrikdom, seksualitet og sjølvtillit er nøkkelord her. På spørsmål frå fansen om kva bodskap ho vil kommunisere, svarte ho: «Be bold and fearless. Don’t hold your tounge, don’t care what people think about you.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement