Freibergs dronning
Silbermanns meisterstykke syner at fattigdom kan redda eit orgel.
Det store Silbermann-orgelet i Freiberg domkyrkje stod ferdig i 1714.
Foto: Sjur Haga Bringeland
«Orgelsafari» er uttrykket organistane nyttar om dei faglege utfluktene gjennom «orgellandskap» på jakt etter karakteristiske instrument. Eit slikt orgellandskap byr på særmerkte lokale orgelbyggjarstilar der historiske instrument er bevarte. Orgellandskapet framfor noko ligg i det tyskarane kallar Mitteldeutschland, som består av delstatane Sachsen, Sachsen-Anhalt og Thüringen.
Det er fleire grunnar til at dette midttyske orgellandskapet har ein spesiell plass i organisthjarto. For det fyrste var det her Johann Sebastian Bach (1685–1750) verka, som jo er orgelkomponisten framfor nokon. For det andre arbeidde dei fremste orgelbyggjarane i barokken i dette lutherske området, der sjølv små byar kosta på seg praktfulle instrument. Orgelet, som gjerne blir kalla «dronninga blant instrumenta», var det mest kompliserte og kostesame apparatet på den tida.
2674 piper
Rikdom er ikkje alltid redninga for eit orgel. Snarare tvert imot. Det syner historia til det vakraste barokkorgelet eg kjenner til, som ligg i bergstaden Freiberg sør i Sachsen. I den seingotiske domkyrkja her bygde Gottfried Silbermann (1683–1753) eit instrument som stod ferdig 1714. Det har heile 2674 piper, fordelte på 44 stemmer. Fasaden blei prydd med forgylte, korintiske pilastrar og akantusornamentikk.
Sjølv om Silbermann berre var 27 år då han fekk oppdraget, blir instrumentet gjerne sett på som meisterstykket hans. Han hadde gått i lære hjå den eldre bror sin i Strasbourg, og med det store domkyrkjeorgelet sameina han franske klangideal med den midttyske tradisjonen.
Domorganist Koch
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.