Fredsæl samansmelting

Vilde Tuvs super-sag-synthar og gripande blokkfløytetonar gir ein etterlengta sonisk klem i isolasjonsalderen.

Musikken til Vilde Tuv læt ikkje som noko anna, meiner Rasmus Hungnes.
Musikken til Vilde Tuv læt ikkje som noko anna, meiner Rasmus Hungnes.
Publisert

På den spellemannominerte solodebuten D’ meg frå 2016 viste enkeltpersonorkesteret Vilde Tuv den sjeldsynte evna ho har til å veve saman ord og melodiar som rører ved hjartet. På andrealbumet Melting Songs, som kjem ut i dag, har ho lagt stemma til sides og tatt grep om blokkfløyta.

Audmjukt

Tuvs uttrykk er audmjukt og fritt for undertrykkjande perfeksjonisme. Mange av synthesizermelodiane er spelte med super-sag-lydar, ei bølgjeform ein ofte høyrer i euforisk dansemusikk. Lydane har ein intensitet og ei lett skeivstemming som passar – perfekt – til den menneskelege anden i fløytespelet, og sjølv utan ord kommuniserer musikken ei klar kjensle av heilskap og fellesskap.

Friske pust, luftige syntharpeggioar, songbollar og feltopptak frå uana landskap vispar synapsane saman til ein søt og lett medvitssubstans, og lyttaren blir til ein kommunikant under ein elektroorganisk altargang akkompagnert av andektig, altoppslukande ambient.

Unikt

Musikken er unik og læt ikkje heilt som noko anna, men stundom minnast eg Ray Lynchs silkemjuke new age-synthmusikk, Constance Dembys mikstur av klassisk-, tradisjons- og space-musikk, og den guamske hyperpop- og new-age-rapartisten Shamanes leikne lydlappverk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement