Freds ballade
Ein ny film fortel om mennesket og musikaren Fred Hersch.
Fred Hersch hamna i koma for ti år sidan, men kom attende til musikken.
Foto frå filmen: Martin Zeman
For ti år sidan fall jazzpianisten Fred Hersch i koma. Det skulle ta to månader før han vakna att, og då var han hjelpelaus. Hendene var ubrukelege. Hersch tok til å lure på om han hadde mista musikken for godt. Spørsmålet var om han kom til å leve.
Dokumentarfilmen The Ballad of Fred Hersch minner sjåaren om at kunsten utspelar seg, og vert laga, midt i eit menneskeliv, idet livet utfaldar seg, med sine tidvis dramatiske omstende. Hersch kom sakte til hektene og tilbake til musikken. Filmen følgjer musikaren idet han gjer seg klar til ei sceneoppsetjing, «My Coma Dreams», på nyåret 2011.
Ein sentral artist
Like viktig er det at vi får godt med tid til å verte kjende med historia til Hersch. Meir enn 30 plater har han laga, og han er ein sentral artist i jazzens amerikanske etterkrigshistorie, noko musikkritikar David Hadju og pianist Jason Moran begge minner oss om i små intervju i filmen.
Fokusert og lågmælt
Likevel er det nok «fluge-på-veggen»-opptaka som med rette står i sentrum i The Ballad of Fred Hersch, som no er tilgjengeleg på nett, etter ei rekkje festivalvisningar dei siste par åra. Hersch var den første jazzmusikaren som fortalte om både den homofile legninga si og at han var HIV-smitta, tidleg på 1990-talet – han har levt med aids. Nokre knappe private opptak av tida då Hersch var lengst nede av sjukdom, og sambuaren Scott Morgan tok vare på han, er svært gripande. Det er også sterkt når Hersch, etter å ha laga magi ved tangentane, tek til å leggje pilledosane sine utover stovebordet framføre kamera, med flygelet i bakgrunnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.