Fransk aksent

CD

François Couperin:

Les nations

Les Talens Lyriques; cembalo og leiing: Christophe Rousset. Aparte 2019

Til liks med Bach-familien i Tyskland tilhøyrde han ei kjend og mektig musikarslekt, franske François Couperin, som var hoffkomponist hjå «Solkongen» Ludvig XIV og blei æra med tilnamnet «le Grand»

Musikkhistorisk interessant er han av di han opna det konservative franske publikumet for musikalske impulsar utanfrå, noko han manifesterer konkret i kammermusikkverket Les nations frå 1726.

Desse fire triostykka, som alle består av ein komplett sonate fylgd av galante dansesatsar, har nemleg fått namn etter politiske stormakter i samtida: «La Française», «L’Espagnole», «L’Impériale» (Det tysk-romerske riket) og «La Piémontaise» (Piemonte i Nord-Italia).

Som franskmenn flest greidde han aldri å leggja av seg den franske aksenten sin. Men så er det då òg dette som gjer musikken hans så eigenarta – eit særmerke barokkensemblet Les Talens Lyriques poengterer på denne elegante innspelinga, der dei vekselvis instrumenterer melodistemmene med fiolinar, tverrfløyter og oboar.