Frå støv til digitalt
Ein omfangsrik CD-boks kastar nytt lys på, og utvidar, ei klassisk utgiving.
CD-boksen inneheld både tekst og musikk.
Pressefoto
I bluesen ser ein tilbake, og angrar, og det gjer Charley Patton med stor kraft i «Screamin’ and Hollerin’ the Blues», som han spelte inn med gitaren sin ein gong i Richmond i Indiana i 1929. Spørsmålet er: «Ever woke up in the mornin’, jinx all around your bed?» Om svaret er ja, er Patton der for å tilby trøyst.
Songskattar
Det gjer han på The Harry Smith B-Sides, ein ny, praktfull CD-boks frå det vesle plateselskapet Dust to Digital, som har som misjon å puste støvet av ymse songskattar og gjere dei tilgjengelege digitalt. Så kva er det som finst på denne utgivinga?
For å svare på det må vi nok ein gong løfte fram Harry Smiths klassiske The Anthology of American Folk Music (1952), som vi har gjort fleire gonger på desse sidene. Utgivinga har hatt avgjerande innverknad på fleire generasjonar americanaartistar, også etter at materialet kom ut i form av ein CD-boks i 1997, rikt utstyrt med bakgrunnsinformasjon og essaystikk. Som eg har skrive før, dreier det seg om eit høgst tilrådd kompendium ein kan gå seg vill i gjennom eit heilt liv. Og no har det altså vorte endå større og rikare, med The Harry Smith B-Sides, som utgjer noko langt meir enn eit appendiks.
Den myteomspunne Smith (1923–1991) kuraterte på sitt idiosynkratiske vis ei samling tidlegare utgivne songar frå 1920- og 1930-talet, og organiserte materialet i tre doble plater seksjonerte som «Ballads», «Social Music» og «Songs». Samstundes teikna det seg eit kart med liner mellom songane på tvers, som har gitt næring til mykje kreativt arbeid opp gjennom åra. Det er vanskeleg å overdrive tydinga boksen har hatt og held fram med å ha. Men kva kom ikkje med på dette kartet?
B-sider
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.