JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Frå støv til digitalt

Ein omfangsrik CD-boks kastar nytt lys på,
og utvidar, ei klassisk utgiving.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
CD-boksen inneheld både tekst og musikk.

Pressefoto

3439
20210108
3439
20210108

Americana

Diverse artistar:

The Harry Smith B-sides

Dust to Digital

I bluesen ser ein tilbake, og angrar, og det gjer Charley Patton med stor kraft i «Screamin’ and Hollerin’ the Blues», som han spelte inn med gitaren sin ein gong i Richmond i Indiana i 1929. Spørsmålet er: «Ever woke up in the mornin’, jinx all around your bed?» Om svaret er ja, er Patton der for å tilby trøyst.

Songskattar

Det gjer han på The Harry Smith B-Sides, ein ny, praktfull CD-boks frå det vesle plateselskapet Dust to Digital, som har som misjon å puste støvet av ymse songskattar og gjere dei tilgjengelege digitalt. Så kva er det som finst på denne utgivinga?

For å svare på det må vi nok ein gong løfte fram Harry Smiths klassiske The Anthology of American Folk Music (1952), som vi har gjort fleire gonger på desse sidene. Utgivinga har hatt avgjerande innverknad på fleire generasjonar americanaartistar, også etter at materialet kom ut i form av ein CD-boks i 1997, rikt utstyrt med bakgrunnsinformasjon og essaystikk. Som eg har skrive før, dreier det seg om eit høgst tilrådd kompendium ein kan gå seg vill i gjennom eit heilt liv. Og no har det altså vorte endå større og rikare, med The Harry Smith B-Sides, som utgjer noko langt meir enn eit appendiks.

Den myteomspunne Smith (1923­–1991) kuraterte på sitt idiosynkratiske vis ei samling tidlegare utgivne songar frå 1920- og 1930-talet, og organiserte materialet i tre doble plater seksjonerte som «Ballads», «Social Music» og «Songs». Samstundes teikna det seg eit kart med liner mellom songane på tvers, som har gitt næring til mykje kreativt arbeid opp gjennom åra. Det er vanskeleg å overdrive tydinga boksen har hatt og held fram med å ha. Men kva kom ikkje med på dette kartet?

B-sider

Då han gjorde utvalet sitt, plukka Smith songar frå 78-plater. Som kjent har slike plater to sider – så kva var det som skjulte seg på B-sidene? Dette er det enkle, men smarte utgangspunktet for The Harry Smith B-Sides, som inneheld 81 songar over fire CD-plater, og flott, velskriven essaystikk i eit medfølgjande hefte.

Der skriv Eli Smith at den nye utgivinga kan reknast som eit spegelbilete av antologien. Og ikkje berre det: Boksen byr altså også på eit godt høve til å tenkje på kva som ikkje kom med den gongen i 1952, og kva det fekk å seie i åra som følgde. Mellom det Smith utelét, finst det mellom anna urfolksmusikk, songar som veks ut frå ein irsk, tysk, italiensk, polsk eller jødisk songskatt, og i særleg grad spanskspråkleg musikk frå grenseområda mot sør og franskspråkleg musikk frå grenseområda mot nord. Somme instrument fekk meir plass enn andre. Smith utelét også songar han opplevde som rasistiske, noko som gav Lance og April Ledbetter i Dust to Digital ei hovudpine då dei sette saman The Harry Smith B-Sides. Til slutt valde dei å ta med alt, for ikkje å late som det ikkje hadde eksistert, men utstyrte boksen med åtvaringar om dei tre problematiske songane som dei var i stuss om kva dei skulle gjere med.

Eg har lytta meg frå 2020 og inn i 2021 med denne boksen og veit jammen ikkje kva eg skal trekkje fram – det er så mykje interessant her, og så mykje som er bra – og for ei breidde! Ein kan saktens lure på kva Smith, som gjekk bort for tre tiår sidan, hadde sagt om han fekk boksen i hendene.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Samfunn

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Ida Lødemel Tvedt

 James Rebanks på Lillehammer sist veke.

James Rebanks på Lillehammer sist veke.

Foto: Morten A. Strøksnes

Feature
Morten A. Strøksnes

Ein mann for alle årstider

LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Tid for realitetsorientering

Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.

Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.

Foto: Ukrainian online sales

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.

Hello Kitty vinkar til tusenvis av tilhengarar under den årlege japanfestivalen i New York 11. mai.

Foto: Charles Sykes / AP / NTB

Kultur

Katten i pengesekken

Hello Kitty har blitt 50 år. Ho er turistambassadør, og ho har generert milliardar av yen. Sjølv kan ho ikkje uttale seg om kvifor folk kjøper henne.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis