JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Frå stein til kjøt

Kva er det ved Ovids Pygmalion-soge som er så kunstnarleg kveikjande?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pygmalion meislar ut kvinnestatuen han blir hugteken av. Utsnitt frå ein fransk gobeleng frå kring 1680.

2984
20191004
2984
20191004

CD

Jean-
Philippe Rameau, Georg Anton Benda:

Pygmalion

Apotheosis Orchestra; dir.: Korneel Bernolet. Outhere Music 2019

Den romerske diktaren Ovids (43 f.Kr.–17 e.Kr.) epos Metamorfosane utgjer det største reservoaret me har av gresk-romerske mytar. Soga hans om Pygmalion har alltid øvd ei spesiell tiltrekkingskraft på kunstnarar: Denne kypriotiske kongen og bilethoggaren var så kresen på damefronten at han ikkje kunne finna noka kvinne som fall i smak. Vegen ut or uføret blei å gripa til meiselen og hogga ut draumekvinna si i stein. Kjærleiksgudinna Afrodite gav så liv til statuen og skapte slik Galateia, som Pygmalion ekta.

Tidlaust

I den kliniske psykologien har soga gjeve namn til ein spesiell parafili, altså ein seksuell preferanse som ikkje baserer seg på tiltrekking til personar, nemleg pygmalionisme (òg kalla «agalmatofili»; agalma tyder «statue» på gresk, og philos «kjærleik»). Omgrepet omfattar ikkje berre det å forelska seg i marmorstatuar, men òg å forelska seg i sexdokker.

Det var vel ikkje det sistnemnde som inspirerte dei to komponistane Jean-Philippe Rameau (1683–1764) og Georg Anton Benda (1722–1795), men det tidlause temaet om kunstnaren som balanserer på knivsegga mellom perfeksjonisme og narsissisme. Dei to Pygmalion-verka, som her for fyrste gong kjem ut på eitt album, er på kvar sin måte originale og gripande. Og den sprudlande framføringa til Apotheosis Orchestra er verkeleg framifrå.

Meisel i aksjon

Franske Rameau komponerte sin Pigmalion på mindre enn éi veke sommaren 1748 for å redda Académie Royale de Musique, som var det førrevolusjonære namnet på Parisaroperaen, ut or ei djup gjeldskrise. Det lukkast han med, både kunstnarleg og økonomisk: I løpet av dei neste 30 åra blei verket framført over 200 gonger. Forma er det franskmennene kallar Acte de ballet, ein miniopera i éi akt med ballettinnslag. Rameaus suverene handsaming av stoffet, som jamvel fall i smak hjå hans arge kritikar J.-J. Rousseau, merkar me alt i ouverturen. Denne instrumentale opninga er banebrytande ved måten ho inngår i dramaet på. Gjennom lekkjer av hektiske sekstendelsnotar høyrer me her nemleg Pygmalions meisel i aksjon. Helten blir sungen av den fine kontratenoren Philippe Gagné, som i bravurarien «Règne, Amour» meistrar dei deklamerande og virtuose partia jamgodt.

Mindre kjend er bøhmiske Georg Anton Bendas Pygmalion, som truleg blei til i Wien i 1779 og byggjer på Rousseaus drama med same namn. Tonespråket er konvensjonelt «førklassisk». Forma, derimot, er meir interessant. Det er eit såkalla «melodrama» med talt tekst som blir utbrodert musikalsk av orkesteret, noko som gjev dramaet større plass. Om du lurer på kvar W.A. Mozart nokre år seinare fekk inspirasjonen til syngespelet Tryllefløyta frå, gjev Apotheosis Orchestra deg svaret.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis